Av Olav Stranna. (1921)
Av Halldor Sandvin
|
Bygdesenteret Grini i Landsmarka.
FØRKRISTEN TID
Nye arkeologiske funn, andre tolkingar og reviderte teoriar om tidleg ferdsel og busetnad i Indre Telemark flytter grensene for aktivitet langs Nordsjø- og Langen-vassdraget stendig lenger attover i tid. Det gjeld ikkje minst Landsmarka, som på fleire måtar er særs interessant.
Vi viser til LUNDESOGA (1925/1959) av Olav Stranna, og utfyllande, oppdatert omtale i Gerhard Hedlunds skrift , "Landsmarka - skogsbygd med tradisjoner" (1994).Den kristne kyrkja si soge i desse bygdene kan ikkje gå meir enn - la oss seia 950 år attende. Men det har ferdast folk her i flei-re, kanskje mange tusen år. Gudstru har det vore, og vekslande former for religiøs kultus.Det ligg nærast å tenkja på soltilbeding og «fruktbarhets-kultus», og ikkje minst folkeleg tru på gardvord (tunkall), vette og varsel.
I vikingtida var det æsene (Odin, Tor o.fl.) som rådde grunnen, med blot og anna offerteneste knytt til hov og horg (offersteinar). Hovdinggraver, stadnamn og andre tradisjonar syner at området der kapellet står, er gamal samlingsstad. Den jamne, skrånande haugen på Øygarden eigedom, tett nord for kapellet - av gamle landsmarkingar kalla «Tingbanen» - gøymer nok og interessant bygdehistorie. Tingbanen er av andre nemnd Tingplassen (H. Gjessing i LUNDESOGA) eller Tingvollen (Hedlund). Det er grunnlag for å slå fast at Grini i uminnelege tider har vore eit religiøst sentrum - uvisst for kor stort område.
|
KRISTEN TID.
Vi veit lite om korleis kristendomen fann vegen til våre bygder, og har berre sparsam kunnskap om kyrkje- og kristenliv her i katolsk tid. Det same gjeld dei fyrste 2-300 åra etter reformasjonen. Omkring 1800 vert skriftlege og munnlege kjelder langt tydelegare. På nytt peikar Landsmarka seg ut mellom bygdene i området. Me viser til fyldige opplysningar i Lundesoga og det nemnde skriftet til Hedlund. I dette siste har John Peder Lia gitt ekstra interessante opplysningar om vekkingsliv og misjonsverksemd i Landsmarka på 1800-talet.
|
Sogneprest Houen
|
LANDSMARKA KAPELL
Tanken om eiga kyrkje i Landsmarka var så visst ikkje ny. Men det skal vera Johannes Pedersen (Hegland) som fyrst nemde saka for sokneprest Houen. Han var straks inter-essert. Houen var mannen med initiativ. Økonomisk evne og offervilje gjorde han spesielt skikka for å gå i spissen. Han kunne løysa ut krefter hos andre, både grunneigaren og oppsitjarane i Landsmarka, - dermed også kyrkjelege og verdslege styremakter. I ettertid kan vi slå fast at tidspunktet kunne ikkje har vore laglegare.
Johannes Pedersen Hegland
|
|
Tillagt av Nils Buverud:
På en gammel smørpapirlapp har en av Johannes' etterkommere skrevet ned: Det var gjennom lengre tid snakket om at de skulle hatt ei kjerke i Landsmarka. Johannes mente at de måtte gjøre noe meir enn å snakke, og tok turen opp i prestegården der han la fram erendet sitt. Presten syntes dette var en god ide, og sa at han ville støtte bygdefolket , også økonomisk. Men det kunne ikke la seg gjennomføre uten at de også hadde Cappelens støtte. Oppmuntret av prestens velvilje tenkte da Johannes at "her gjalt det at smide mens jernet var varmt", så han dro vider til Cappelen med erendet sitt. Disse to kjente hverandre godt fra den tiden Johannes arbeidet på Holla gård. Johannes var en betrodd mann som Cappelen ofte sendte i viktige erender til Skien. Resultatet av denne turen var også overveldene positivt - og så var det hele igang.
|
5. APRIL 1893
Starten er markert ved møte på Tyri skule 5. apri11893, samankalla av soknepresten, som også styrde møtet og skreiv fyldig referat i «PROTOKOL FOR LANDSMARKEN - INDEHOLDENDE FORHANDLINGER OG BESLUTNINGER I ANLEDNING FORSØG PAA AT TILVEIEBRINGE ET KAPEL FOR LANDSMARKEN». Der heiter det at «alle Tilstedeværende udtalte sig for Ønskeligheden af en saadan Foranstaltning».
Referatet registrerer alt frå dette første møtet tre grunnar:
1. Lang veg til soknekyrkja i Lunde.
2. Karane låg borte på skogsarbeid gjennom veka. Hestar og folk trong kvile i helga.
3. Dei spesielle leiglendingstilhøva, som gjorde at folk ikkje kunne ordna seg fritt etter «egen lyst og Bekvemmelighed».
Alle var samde om at kapellet skulle stå på «Grinihøiden». Dei gjekk inn for eit hus på 36 x 25 fot, 11 x 7.5 meter + kor, tårn og sakristi, med 150 sitjeplassar. Det ferdige bygget har grunnflate (14,2 x 7) m2 og ca. 100 plassar. Sokneprest Houen og Skovfogd Andersen presenterte kvar sin skisse. Forsamlinga tykte best om sokneprestens. Andersens kalkyle på kr. 4.500 kunne gjelda for begge, då dei hadde omlag same mål. Utruleg mange forhold var vurderte, og faktisk utforma slik det sidan vart planlagt og vedteke. Ein ville søkja om 7-8 gudstenester årleg, mot tilsvarande fe.rre i hovudkyrkja i Lunde.
|
OFFERVILJE
Sokneprest Houen lova kr. 500,-. Prestefrua ville skaffa altarduk, messeskjorte og messehagel, og mor til presten, enkefru Houen, Skien, kr. 500,-. Alt under føresetnad av positiv medverknad frå kammerherre Cappelen, og at planen vart realisert i Houens embetstid.
Forsamlinga teikna seg alt same kvelden for tils. kr. 140,- i pengar og arbeid. I tillegg sette dei si von til S.D.Cappelens legat. Det siste må ein og kunna sjå som ei yting frå bygdefolket, sidan det reduserte sjansane for personleg tildeling. Kostnader til vedlikehald og drift, slikt som oppvarming og reinhald, skyss til klokkaren m.m. var gjennomtenkt, kalkulert til kr. 80,- for året.
|
|
Møtet valde samrøystes «kirkekomite»:
Olav J. Dammen
Johannes Hegland
Skovfogd Andersen
Protokollen har 26 underskrifter:
|
Karl Houen
Nils Anderssen
Peder H. Kaasa
Eilif H. Glena
John P. Sanna
Johannes O. Grini
Erek H. Rønningen
|
Knut H. Moen
Hans H. Røysland
Andreas O. Roligheden
Gunder H. Løvaasen
Edevart Løvbugten
Johannes Ødegaarden
Ole J. Dammen
|
Ingebret J. Engelsen
J ohannes P. Hegland
TjøstoIf J. Rønningen
Thomas H. Rønningen
Andreas O. Grini
Kristen J. Glettungstaa
J. B. Glettungstaa
|
Erik J. Kaasene
Halvor G. Hagen
Vetle Hovland
Nils Hovland
John Kristensen Tyri
|
29. DESEMBER 1893
Neste møte referert i protokollen var halde 29. des. på Tyri skole.
Soknepresten gav rapport og refererte tre brev:
1) Skriv av 24. juli frå Kammerherre Cappelen, som «bifaller» tanken om kapell i Landsmarka, og vil "medvirke til dens Realisation".
På eige initiativ har Cappelen tinga teikningar til kapellet frå arkitekt Backer, Kristiania. Han lovar eit pengebidrag på kr. 2000,- og nemner sjanse for kr. 800,- av Cappelens legat. Andre forhold vil han koma tilbake til - alt under føresetnad av offentleg godkjenning.
Cappelen krev å få delta i kapellkomiteen på line med dei valde medlemane, slik han sjølv finn det ynskjeleg.Han krev skriftleg erklæring som sikrar at nåverande og framtidige brukarar og husmenn i fellesskap tek på seg kostnadane
ved drifta, - og separat erklæring frå K. Rønningen, som då var einaste sjølveigar i Landsmarka.
Eigedomsretten til kapelltomt med gravplass, (42 x 32) m, vil han overdra kostnadsfritt tiloppsitjarane i Landsmarka. (Over-ført til kommunen i 1921).
Kravet om sete i kapellkomiteen svara dei på med å velja Cappelen til formann. Då arbeidet var kome godt i gjenge, let han Skovfogd Andersen mykje fungera i sin stad.
2) Brev av 27. okt. frå arkitekt Backer, og teikningar m. bilag.
3) Brev frå Kirkesanger Ingolfsrud om skyssgodtgjersle m.m. (Sokneprest Houen ville ikkje ha skyssgodtgjersle for tenester i Landsmarka).
Arkitekt Backers teikningar «vandt Forsamlingens Bifald».
|
Møtet gjorde så vedtak om:
1. A senda takk til Hr. Cappelen for «den Velvilje og Imødekommenhed han har vist Landsmarkens Befolkning til denne Sags Fremme».
2. At driftsutgifter skal be rast i fellesskap av «undertegnede
Opsiddere». Dei valde ein komite på 3 medlemar, som kvart år før jol skulle setja opp driftsbudsjett for komande år og fordela utgiftene på oppsitjarane. Komiteen skulle og føra tilsyn med kapellet.
Til møtet førelåg erklæring frå oppsitjarane, som sikra samla tilskot på kr. 200,- (pengar og arbeid).
Cappelens tinglyste «Specification over Gaarde og Husmandspladse»: Søndre Settendal, Aamot, Saga, Haugland, Vestre Tyri, England, Roligheden, Ugge, Løvbugten, Øvre Rønningen, Nedre Rønningen, Søndre Røisland, Nordre. Røisland, Hægland, Holtehagen, Holte, Pladsen, Sandstaa, Hovland, Glettungstaa, Deilhaug, Grinihagen, Søndre Grini, Nordre Grini, Ødegaarden, Buverud, Løvaasen, Kaasa, Glænna, Løvodden, Tyri, Dammen, Moen, Lia.
I protokollen fylgjer deretter 34 underskrifter - 9 av disse etter fullmakt: Johannes P. Hægland og Vetle G. Hovland, begge v/ Nils Hovland, Halvor Halvorsen Sandstaa v/ Knut Moen, Johannes O. Grini og Andreas O. Grini, begge v/ John Tyri, Andreas O. Roligheden v/ Halvor H. Deilhaugen, Anders Th. Pladsen (Hans Røisland?) og Ingebret Johansen England, begge v/ Olav J. Dammen.
Dessutan signert erklæring frå 5 som ikkje var til stades, at dei «tiltræde disse Beslutninger»: Gulleik Nilsen Holtet, Halvor Olsen Hagen, Gunder Knutsen Løvaaden, Nils Andersen Saga.
Her føregjekk ingenting på slump. Imponerande!!
|
BERØMT ARKITEKT
Herman Major Backer, Kristiania (1856-1932) var elev ved von Hannos teikneskole, og ved Statens Håndtverks- og Kunstindustriskole. Studerte i Dresden, og hadde ei rekke andre utanlandske studiereiser. Var ei tid bygningsinspektør i Kristiania, før han starta privat praksis.
H. M. Backer markerte seg som motearkitekt i tida, med «utviklet sans for representative boliger». Og han fekk utsøkte oppdrag, dei fleste i Kristiania. Mest kjend er statsråd Astrups villa, Drammensv. 88 (Seinare D.N. Vid.sk.akad.).
Backer teikna Bolkesjø turisthotell (seinare rive), og Villa «Koh i Nor» på Ulefoss, for Kammerherre Cappelen (1886. Bak «Holden» ).
Han teikna 6-7 kyrkjer, bl.a. den majestetiske Johanneskirken på Sydneshaugen i Bergen (1894) etter 1. premie i konkurranse.Sivilingeniør Diderik Cappelen seier «Arkitekt Backer var en venn av farfar». I det ligg nok forklaringa på at den eksklusive arkitekten på kort tid leverte teikningar til dette vesle kapellet.
|
STILART
Den som kjem til Landsmarka kapell for fyrste gong, vil alltid undrast over stilen. Særprega, med nasjonale motiv. Utvendig staseleg, vakkert. Innvendig spesielt og interessant. Det heiter stavkyrkjestil. Uttrykket vert ofte brukt nokså romsleg. 90-åra var nyromantikkens tiår. Det var nyorientering og leiting - gjeme attover -, som også gav utslag i arkitekturen. Det er samanheng mellom stavkyrkje og drakemotiv. Drakestilen, som nett då fekk gjennomslag i møbelhandverk og annan treskurddekor, var og innom arkitekturen. Kjende eksempel er Frognersæteren og Holmenkollen hotell. Drakestilen var forsøkt i kyrkjer. Mest kjend er den dominerande Buksnes kyrkje i Lofoten, gjerne kalla «Lofotkatedralen» (Karl Noruill). Landsmarka kapell har islett av drakestil.Ordet «Simpelhed» i biskopens karakteristikk (sjå nedanfor), må oppfattast som enkelt. (jmfr. engelsk «simple» ). Krossen er klårt og sterkt markert, ute og inne. Dei fleste vil likevel ved ettertanke sakna andre religiøse motiv, og kristen symbolikk. Ein treng ikkje oppfatta dette som forsoming. Tvert imot, vi vel å tru at det er bevisst hos arkitekten. Her er lite av slikt som gjerne kan stela merkseilld frå gudstenesta, frå liturgien med Ord og sakrament.
|
GODKJENNING
Søknad til Kongen var ekspedert til prosten 16. juli 1894 med fylgjande grunngjeving: .
1. Lang veg
2. Spesielle «livsforholde». Mennene borte heile veka.
3. Låg kyrkjesøknad på grunn av log 2. Også kvinnene vart forhindra.
I søknaden gir dei opp eit innbyggjartal på 246 «individer», av desse 16 «dissentere».
Det heiter i søknaden at folket i Landsmarka er «brave, strevsomme, kristeligsindede Mennesker, som setter Pris på Guds Ord og gjerne vil samle sig derom».
Bachers teikningar og heile planopplegget slapp lett igjennom hos biskopen (stiftsdireksjonen) og Kongen (Departementet).
Statens Bygningsinspeksjon hadde merknad om at det ikkje var sett av plass til preikestol, og at ein såleis måtte rekna med litt ferre sitjeplassar. Ein vil sjå at problemet er løyst på ein nokså filurisk måte, utan at preikestolen stel sitjeplassar.
Godkjenning ved Kongeleg Resolusjon av 28. sept. 1894.
|
BYGGEARBEIDET
Arbeidet var utført av byggmeister H. Hansen, Skien. Om han eit vi altfor lite, men han gir seg til kjenne gjennom fint utført arbeid, som og bygge-komiteen var fornøgd med. Og så har vi «Kontrakt om Opførelse af Kapel i Landsmarken», - eit detaljert, ryddig og fyldig dokument.
Av kontrakta går det fram at grunnmuren skulle oppsitjarane ha gjort klar innan medio mars 1895. Dragarar og reisverk, høvla og uhøvla bord, golvplankar, stillasmaterialar og papp skulle byggherren syta for, fritt levert på byggeplassen. Alt det andre skulle byggmeisteren skaffa. Det var teke med i samla, kontraktbunden byggesum kr.4.149 ,-.
Hansen skulle utføra arbeidet «fra Graastensilluren af og til Kapellet er ferdigt til at tages i Brug» innan 15. juli, altså etter 3 månader - under føresetnad av at reisverket kunne transporterast først i mai. Klokkarstol, preikestol, benker, altar med kross og montering av klokke var med i avtalen, likeeins «Oljemaling to Gange af alt indvendig og udvendig synlig Træværk med Beits og Lacur». Alt tyder på fagmessig handverk og godt samarbeid.
|
|
KYRKJEKLOKKA
Kyrkjeklokka var støypt ved Olsen & Søn Klokkestøberi, Nauen, Tønsberg, og levevert 12. juni. Ho er 57 cm i diameter nede og 30 cm oppe, 40 cm høg. Klokka har ingen inskripsjon, utan navnet på støyperiet. Ho er stemt i D, med rikdom av overtonar, og med fyldig, varm klang, som ber langt utov
|
S. D. CAPPELENS LEGAT
Fru Sophie D. Cappelen oppretta legatet til minne om mannen hennar, Severin Diderik Cappelen, etter hans død i 1881.
Grunnkapitalen, kr. 30.000,-, skulle etter statuttane aukast med halvparten av renteutbyttet kvart år, til kr. 40.000,-. Rentene skulle elles gå til « Understøttelse af Personer, der er eller har været faste Arbeidere eller Opsynsillænd ved Ulefos Jemværk med tilliggende Gruber eller ved Holdens Sagbrug med tilhørende Eiendomme samt saadanne Personers Enker». I tillegg til det generelle om «Trang og Værdighed» skallang tenestetid, sjukdom, ulukke og utdanning telja med ved utdelinga.
Statuttane fekk eit godkjent tillegg i des. 1883, som sa at rentene skulle «tillige kunne anvendes til almennyttige indretninger og Foretagender, der istandbringes enten på Ulefos Jemværks og Sagbrugs Eindomme med tilliggende Brug og Gods eller til Fordel for de der Boende»
Arkitekt Backers kalkyle kom opp i overkant av 6 tusen, men overskridingar er ikkje av ny dato. Sluttrekneskapen enda på kr. 9.335,13. Av det var dekka kr. 5.121,56 (medrekna kr. 400,- frå legatet). Resten gav Cappelen som lån, og det «bliver efterhvert at søge dekket ved Ansøgning til det nevnte Legat».
Legatprotokollen viser at frå 1895 til 1919 var det 23 utbetalingar til kapellet (100 - 400 kroner for året), tilsaman kr. 6.708,57 til dekning av lån og renter.
|
KYRKJEBYGGINGS-REKORD ?
Kyrkjebygging brukar å ta lang tid, seinka av finansiering, og strid om plassering, utforming m.m. Landsmarka kapell var eit unntak. Referat og «manns minne» stadfester at alle var samde og drog ivrig i lag for saka.
Når vi ser at det tok 2112 år frå denne draumen om eige gudshus slapp ut, til bygget stod ferdig og vigsla, så må Landsmarka kapell vera med i tevlinga om kyrkjebyggings-rekord. Det meste av forklaringa er å finna i fylgjande forhold: Sokneprest Houens sterke initiativ då tanken kom opp om eit kapell, og at kammerherre Diderik Cappelen (1856-1935) «bifalt» saka.
Når han gjekk inn for planen, kunne det meste ordnast administrativt og raskt.
Vi må også ta med at brukar ar og husmenn, i tillegg til gåver og dugnadsinnsats, stod for drifta av kapellet i 26 år, frå 1895 til 1921, då kommunen overtok.
Det største pengebidraget kom likevel frå S.D.Cappelens legat.
Ved 100 års jubileet bør vi elles vera klar over at Cappelen ytte langt mykje illeir til reising av kapellet enn det som er bokført i byggerekneskapen. Vi kan neillna jordstykket til tomt og gravplass, ca. 1.3 da., og det aller meste av trematerialar.
|
RELIGIØS STABILITET
Landsmarka er vellitt avsides, men så visst ikkje isolert.
Hans Nielsen Hauges vitjing i 1802 og året etter kveikte ei vekking med store, varige ringverknader. Landsmarka fekk ei rekke haugianar-heimar. Den harde lærebokstriden i Tyri-krinsen i 1881 av speglar eit sterkt haugiansk miljø i Landsmarka langt opp imot tida då kapellet vart bygt. Striden stod om «Læsebog for kristelig skole og hjem» eller den nye Jensens lesebok. Foreldra gav seg ikkje, og striden enda med kompromiss, godkjenning av båe bøkene.
Lammers-rørsla og ymse andre innslag frå den så kalla «venstresida» i vekkingslivet nådde tidleg Landsmarka. Men ingen avvikande retningar oppnådde å få fotfeste i dette kyrkjeleg-lutherske samfunnet, prega av ytre- og indremisjon.
Utanfrå observert tykkjest det uforståeleg. Både Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn og Den haugianske bevegelse hadde levande, sterke grupper i n æraste grannelaget. Det same galdt seinare pinserørsla og andre. Landsmarka-framande retningar nådde berre å få kontakt med enkeltpersonar og einskilde heimar. Ingen splid, takk!
Misjon har stått sterkt i Landsmarka heilt frå 1860-åra. Dei fyrste misjonslaga i Lunde vart stifta her. Dei mange misjonsofringane i Landsmarka kapell syner at kyrkja og dei ulike misjonslaga stod saman i denne viktige saka.
I desse observasjonane ligg mykje av forklaringa til den samla innsatsen for reising av kapellet.
|
BISKOP JOHAN CHISTIAN HEUCH (1831-1904)
Vigslingsbiskopen var fødd i Kragerø. Teologisk eillb.eks. 1861. Kappelan hos Jørgen Moe i Bragernes og sidan i Vestre Aker. styrar av prakt.teol. seminar ved Universitetet. Sokneprest i Uranienborg. Biskop i Kristiansand frå 1889.
Luthersk konservativ og høgkyrkjeleg, så det var ikkje lite spenning med tanke på korleis han skulle koma ut av det med radikale lekfolk på «det mørke fastland» ( også Rogaland høyrde til Kr.sand stift). Men då Heuch lærde vekkingsfolket rett å kjenna, vart han deira varmaste støtte og talsmann. Heuch var ein slagferdig debattant med humør og ironi. Kjend tidsskriftredaktør og forfattar. Bl. a. preikesailllinga «Vidnesbyrdet om Kristus» og «Visitasberetninger» (utgitt 1965).
|
VIGSLINGSDAGEN
Landsmarka kapell vart vigsla 1. okt. 1895. Høgtidssdagen var faktisk ein tysdag. Vigslinga kom i forlenging av visitas i Lunde 28. - 30. sept. Biskopen kom til Lunde frå Gjerpen, og drog vidare til Brevik. Han avslutta sin 14. dagars Telemarks-runde i Porsgrunn 7. okt.. Lange avstand ar og tungvint reisemåte gjorde at biskopen måtte samordna tenester og oppdrag.
Ein uvanleg lang tørkeperiode tok slutt nett på vigslingsdagen, men visstnok ikkje før på ettermiddagen.
Kapellet var illeir enn overfylt. «Vardem> neillner 200, av dei 7 prestar og innbodne gjester.
Dei samlast om føremiddagen på garden Grini og gjekk i prosisjon til kapellet. Det var sorg over at initiativtakaren, sokneprest Houen diverre ikkje fekk vera med.Biskop Heuch forretta vigslinga «og holdt en gribende Tale».
|
Vi tek med biskop Heuchs eigen notat om vigslinga frå
«Visitasberetninger 1889-1902»:
«1 Oktober indviede jeg Landsmarkens Kapel i Lunde i Telemarken. Kapellet er en Gave fra Godseier D. Cappelen og Prestegjeldets forrige Sogneprest, Hr. Houen. Det er bygget av Træ i moderne Tillempning av den gamle Stavkirkestilog er i al sin Simpelhed gjennemtrengt af en virkelig kirkelig Aand. Det rummer formentlig ikke stort mere end 100 Mennesker; men da de Skove, hvoraf Landsmarken bestaar, kun beboes af ca. 300 Mennesker, er jo Kapellet mere end stort nok» .
|
På vegne av landsmarkingane takka sokneprest Gjerløw Kammerherre Cappelen og sokneprest Houen og frue, og enkefru Houen, Skien, for dei store gåvene til kapellet. Likeeins Frøken Augusta Cappelen (kalk og disk) og Frøken Selma Cappelen (to altar-lysestakar med lys).
|
Landsmarka kapell ligg der med nye utfordringar:
|
|
|
|
|
|
|
Lyft augo og sjå åkrane,
korleis dei kviknar mot
hausten.
Joh. 4, 35
Halldor Sandvin
|
|